Dette kan du oppleve

Dette er opplevingane på Bygdenæringsdagane

Bygdenæringsdagane

Messeutstillar

Bygdenæringsdagane i Stardalen 25. og 26. april

Bygdenæringsdagane i Stardalen er ei sals- og utstillingsmesse som blir arrangert kvart år i slutten av april. Årets messe går av stabelen laurdag 25. og søndag 26. april.

Opningstid begge dagane: kl 12.00 - 17.00

Utstillarane som kjem til Bygdenæringsdagane tilbyr eit breitt utval av produkt basert på alt frå lokale råvarer, handarbeid og gardsmat til natur- og reiseliv. Messa har også fylkets største maskinutstilling med traktorar og landbruksutstyr, og det er høve til å prøvekøyre dei nyaste traktorane frå leverandørane.

Velkommen til hyggelege og inspirerande dagar i Stardalen.


Aktivitetar for alle

Bygdenæringsdagane legg vekt på å ha eit underhaldnings- og aktivitetstilbod for heile familien. I år blir det barneteater og ansiktsmåling, fagseminar, føredrag og korsang, i tillegg til demonstrasjon av skogbruksutstyr og stripespreiar. For dei minste tilbyr Bygdenæringsdagane gratis barnepass i Stardalen Barnehage.

I tillegg til utstillingane og aktivitetane under messa, er det også gode moglegheiter til å få seg ein matbit under Bygdenæringsdagane. I Bygdetunet blir det servert middag, mens Bygdekvinnelaget står for sal av kaffi, kaker og tradisjonsmat i Haugtun. Og tradisjonen tru startar vi grillsesongen med sal av grilllmat frå grillteltet.



Messeutstillar

Aktiv bygd

Bak Bygdenæringsdagane står eit sterkt organisasjonsliv. Heile ni ulike organisasjonar i Stardalen er med og arrangerer Bygdenæringsdagane, og i 2008 mottok Bygdenæringsdagane Tiltaksprisen frå Jølster kommune.

Messa var arrangert første gang i 1997 og har årleg rundt 1000 besøkande.