Dette kan du oppleve

Dette er opplevingane på Bygdenæringsdagane

Fagseminar

Messeutstillar

Fagseminaret er dessverre avlyst pga manglande påmelding

 

La deg inspirere
– skap di eiga næring

Korleis finne vegen frå ein god idé til verkeleg næring? Bli inspirert til å utnytte lokale verdiar og ressursar. Meld deg på vårt fagseminar om bygdeutvikling.

Dato: laurdag 25. april
Kl: 11.00 – 15.00
Stad: Haugtun, Stardalen

Meld deg på fagseminaret om bygdeutvikling på e-post bnd@stardalen.com eller mob 90 60 33 39 til Jan Roger Myklebust. Pris 350,- inkludert messebillett.


Humørbonden Geir Styve

På eit lite Vestlandsbruk har Humørbonden tatt ny sats. Her er det skapt ein besøksgard med variert innhald innan kunnskapsformidling og oppleving. Humørbondens visjon er: Eg vil gje folk refleksjonar! Humørbonden kjem til Bygdenæringsdagane for å inspirere andre med sin Humørbondologi. For meir informasjon, sjå www.humorbonden.no.




Messeutstillar

Hitra Gardsmat

Hitra Gardsmat vann i 2008 prisen for Noregs beste matprodukt. Dei har eigen gardsbutikk og driv med ysting av upasteurisert ost frå eiga mjølk, i tillegg til å ta i mot grupper for måltid. Kjem til Bygdenæringsdagane for å fortelje om etablering av eiga verksemd. For meir informasjon om Hitra Gardsmat, sjå www.hitragaardsmat.no.




Den Gyldne omvei

Den Gyldne omvei er ei vegstrekning som ligg i Inderøy kommune i Nord-Trøndelag. Langs denne vegstrekninga har fleire aktørar gått saman om å marknadsføre ulike kulturopplevingar. Dei vann den nasjonale Bygdeutviklingsprisen i 2005. Kjem til Bygdenæringsdagane for å snakke om samarbeid og merkevarebygging. For meir informasjon om Den Gyldne omvei, sjå www.dengyldneomvei.no.